Forlagets egen omtale
Bjørneboka er som Ulveboka både ei forteljingsbok, ei faktabok og ei eventyrbok i ei og same bok. Den omtalar både brunbjørn og isbjørn og inneheld 12 fantasieggande eventyr, sengner, forteljingar og ordtak frå heile verda. Her møter du berserkar, mannbjørnar og gudebjørnar.
Kvart kapittel startar med ei dagsaktuell forteljing om tvillingane Bjørnhild og Vebjørn frå nordtrøndelagsbygda Sørli.
Dei finn kopplammet sitt ihelrive av bjørn, og seinare får dei vere med på helikoptertur, når ein bjørn blir frakta til Sverige.
Kvart kapittel inneheld mange nye, spennande og overraskande faktaopplysningar om Bamse Brakar, som i gamle dagar og vart kalla "gamle Ola", "maurtass" og "styggefanten".
Veit du at bamsen elskar å ake seg på baken og kan kaste stein på menneske?
——
Egil Hyldmos rovdyrbokserie handlar om Nordens fire store rovdyr. I tillegg til mye nytt og ukjent faktastoff om dyra, inneheld kvar enkelt bok ei rammeforteljing,mange eventyr, segner og ordtak frå heile verden.
Kjente naturfotografar frå Norden, Sveits og USA har levert flotte fargebilde, og ein del av fiksjonsstoffet er illustrert av John A. Sæterøy.
Bak i bøkene finst det ei fyldig liste som viser til kjelder der lesaren kan finne fleire opplysningar.
Målgruppe for rovdyr bøkene er barn og unge frå 6 – 18 år, da dei inneheld variert stoff som høver for både små og store.Mange vaksne les og bøkene med stor interesse og utbytte.
Ulveboka, Bjørneboka, Gaupeboka og Jervboka har til nå blitt selde i over 20.000 eksemplar.Rovdyrbokserien har fått svært god mottaking i media,som det går fram av avisomtalane i Aftenposten, Østlendingen og Steinerskolen.
Anmeldelser
"Forfatter og journalist Egil Hyldmo har klart det igjen" (terningkast 5)
Trønder-Avisa
"Du gjør dine barn en bjørnetjeneste ved ikke å gi dem dette grundige og allsidige verket"
Tidsskriftet Fauna
"En virkelig fascinerende bjørnebok"
Bokklubbens Barn
"Anbefales!"
Trønderbladet
Egil Hyldmos fremstillinger lar oss sitte igjen med passe mye redsel Men mest gir de fascinasjon, respekt og kunnskap (…)De som strever med å få gutter til å lese kan ha særlig nytte av Egil Hyldmos rovdyrbøker"
Aftenposten
"Stappet med fakta, balansert, lærerik, underholdende og spennende (…)Alle bøker sydd over samme lest, og sammen utgjør bøkene rovdyrbibliotek"
Østlendingen
"Bøkene er satt sammen slik at de er som skapt for arbeidet med "mitt dyr". Ja, så midt i blinken er de, at det nesten for lettvint…"
Bladet Steinerskolen