Jordboka II

Nærare naturen – Inn i det komposmoderne

Jordboka II viser korleis me alle kan finna våre produktive og meiningsfulle roller i dei enorme endringane menneska må og skal gjennom dei neste tiåra.

kr 399

Tilgjengelighet Kun 1 på lager (kan også restbestilles)

Produktnummer: 863018 Kategori:
Utgivelsesår:2019-03
Antall sider:261
Fotos - illustrasjoner:Fargefotos
ISBN:9788299779616
Språk:Norsk
Forlag:Forlaget Nyskaping
Forfatter:Dag Jørund Lønning

«Myggen!», skreiv Nietzsche, «susar rundt overtydd om at han er sentrum i universet, og at alt anna liv er til for hans del». Det gjer mennesket og. Men til skilnad frå myggen har mennesket makt til å påtvinga alle andre artar sitt perspektiv på verda.

Der har me gjort. Og difor kneler planeten.

Dette er boka om korleis forholdet mellom menneske og natur må endrast radikalt om dei som kjem etter oss skal få oppleva ei grøn og levande jord. Me treng definisjonar av natur som inkluderer oss og gir oss produktive, naturbyggjande roller. Ein kan øydeleggja det som ligg utanfor ein sjølv, ikkje det ein sjølv er del av.

Men finst det rom for mennesket i naturen? I jakta på svar tek forfattaren lesaren med på ei filosofisk og praktisk oppdagingsreise ned i den levande molda og inn i ideane si verd:

Frå Nietzsche sine frigjerande tankar, til høgproduktiv grønsakdyrking med naturen som gartnar. Frå roseplanting i kvist, til dans og karbonfangst. Frå kompostering som filosofi og praksis, til kva den vesle bakterien i molda kan læra oss om livet sitt viktigaste prinsipp.

Jordboka II viser korleis me alle kan finna våre produktive og meiningsfulle roller i dei enorme endringane menneska må og skal gjennom dei neste tiåra. Boka stakar opp kursen ut av industrilandbruk og forbrukarsamfunn – og inn i den naturnære, kompostmoderne framtida.

Handlekurv