Havørna

Vår største rovfugl

I Havørna blir vi betre kjente med denne store rovfuglen, eit av dei mest eksotiske innslaga i den norske faunaen.

kr 379

Ikke på lager, kan bestilles

Produktnummer: 824029 Kategori:
Utgivelsesår:2020-09
Antall sider:202
Fotos - illustrasjoner:Fargefotos
Innbinding:Innbundet
ISBN:9788252199086
Språk:Norsk
Forlag:Samlaget
Forfatter:Gunnar Myklebust

Møt eit av Noregs mest fascinerande dyr

Da den norske havørna vart freda i 1968, var ho nær utrydda etter eit hundreår med systematisk nedslakting. Iherdig innsats frå ornitologiske entusiastar har gjort fredinga til ein suksess. Vi har i dag ein ny, levedyktig bestand med bortimot 14 000 havørner i Noreg. I boka blir vi betre kjente med denne store rovfuglen, eit av dei mest eksotiske innslaga i den norske faunaen. Saman med den fremste ørneeksperten i landet, Alv Ottar Folkestad, og fotograf Roger Engvik tar forfattaren oss med inn i kvardagen i havørnfamilien.

Boka fortel om den planmessige utryddinga havørna vart utsett for, og den vellykka redningsaksjonen, viser kva rolle ørna har hatt i folketrua og mytologien, og ser ørnehistoria i lys av dei store miljøutfordringane i vår tid. I ei tid der dyreartar blir utrydda i eit faretrugande tempo, er dette ei bok som gir håp.

Handlekurv