Bla i boka her
Vipa er ein karakterart for kulturmarka som mange er glad i. Det er ein sosial fugl som viser eit stort spenn i åtferd på sin veg gjennom sesongen for å fram ungane sine. I denne boka ber det ut på vipemarkene. Gjennom foto, åtferdsskildringar, forskingsresultat og anekdotar følger vi vipene på nært hald gjennom hekkesesongen.
”Boka gir eit fascinerande bilete av den spesielle fuglearten som vipa er, og forfattaren syner samspelet som denne fuglen har med natur og omgivnad i dyreverda på ein glimrande måte.” – Olaf Almenningen
”Boka gir en solid innføring i vipas levesett, men i tillegg er teksten vinklet mot bakenforliggende årsaker til observerte mønstre. Dette siste hever boka over det en vanligvis finner i tilsvarende artsmonografier om fugl. Forfatterens grundige innsikt i evolusjonær teori gjør at han har kunnet gi stoffet en popularisert framstilling som ikke setter ekstra krav til faglig bakgrunn hos leseren, samtidig som den faglige presisjonen er beholdt.” – Ingvar Byrkjedal
Om forfatteren:
Gaute Grønstøl (f. 1968) studerte biologi ved Universitetet i Bergen. I 1994 tok han hovudfagseksamen i zoologisk økologi med ei oppgåve om viper. I 2001 disputerte han med ei doktoravhandling på åtferd hos vipe. Frå 2003 til 2006 jobba han på eit forskingsprosjekt på åtferd hos vipe ved Konrad Lorenz Institute of Ethology ved Det austerrikske vitskapsakademiet i Wien. Han har mykje felterfaring frå vipemarker i Bergensregionen, på Jæren og på Öland i Sverige. Han har og arbeidd ved Avdeling for naturhistorie ved Universitetsmuseet i Bergen og er for tida tilsett ved Naturhistorisk museum ved Universitetet i Oslo. Grønstøl har publisert mange vitskapelege og populærvitskaplege artiklar i bøker og tidsskrift, og ein stor del av desse arbeida handlar om vipa.
Omtaler
Dag og Tid 27. august 2021
Dagen 29. august 2021
Biolog Nr. 1 2021
Norsk veterinærtidsskrift Nr. 3 april 2021
Fuglar i Vestland Nr. 1 mars 2021
Klassekampen 20. mars 2021